Næringslivet:

Regionen vår treng kompetanse!

NAV si framskriving seier at me kjem til å mangle 3 000 arbeidstakare i vår region innan ca. 2030. 

HVK Studiesenter skal jobbe for å sikre eit varig tilbod av fleksible og desentraliserte utdanningar i regionen, med etter- og vidareutdanningar som næringslivet i regionen til ein kvar tid treng og etterspør. På denne måten skal me bidra til at regionen får økt relevant kompetanse, og vonleg fleire ut i arbeid. 

Har du behov for kompetanseløft i form av utdanning/kurs i di bedrift, eller ønske om utdanning/kurs som vil kunne kvalifisere fleire til å jobbe for deg i framtida? Eller har du andre spørsmål/innspel? Da høyrer vi gjerne frå deg her: 

Spørsmål eller innspel?

Kontakt oss i dag!

Send oss ei melding på utdanning@hardangervoss.no med det du har på hjarta!