UTDANNING

Barnehagelærar

Tilbyder

Høgskulen på Vestlandet

Søknadsfrist

1. mar, 2025

Oppstart

1. sep, 2025

Omfang

Deltid over 4 år

Undervisning

Fysiske og digitale samlingar

Studiepoeng

180

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet tilbyr HVK Studiesenter arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning over fire år. Oppstart vert september 2025. Samlingane fyrste året vil vera i Nordheimsund og Odda.

Utdanninga er ei deltidsutdanning over fire år (75% av heiltidsutdanning). Kvart semester er det er lagt opp til tre fysiske samlingar på tre dagar kvar (onsdag-fredag) , ca tre veker praksis, og 4-6 digitale samlingar. Dei digitale samlingane vil føregå på torsdagane dei vekene det ikkje er samlingar eller praksis.

Samlingsdatoar:

Haust 2025:

17.-19. september
22.-24. oktober
3.-5. desember

Vår 2026:

28.-30. januar
25.-27. mars
20.-22. mai

Praksisveker:

Haust 2025:

Veke 44-45

Vår 2026:

Veke 6-7 og 16-17

Utdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng, der bacheloroppgåva utgjer 15 studiepoeng. I tillegg kjem det ei fordjuping på 30 studiepoeng.

HVL opnar for søknadar 1. februar, og har frist 1. mars. 

Søk studieplass her. 

Opptakskrav:

Realkompetanse:

  • Samla kunnskap frå yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid eller liknande.
  • Vera 25 år eller eldre og ha fem års fulltids arbeidserfaring som er relevant for faget.
  • Har du fagbrev i Barne- og ungdomsarbeidarfaget OG 5 års relevant arbeidserfaring på fulltid tilfredsstiller du opptakskravet. Du må hente inn attestar som dokumenterer arbeidserfaringa, finne vitnemål og godkjent fagbrev.
  • Har du fagbrev i Barne-og ungdomsarbeidarfaget men MINDRE enn 5 års relevant arbeidserfaring på fulltid. Dersom du har 4 år eller meir, kan du bruke tida fram til studiestart på å samle siste års relevant arbeidserfaring.
  • Relevant arbeidsområde: Praksis innan helse-, omsorg-, sosial– eller undervisningssektoren eller tilsvarande, der du har arbeida med born og ungdom som er 18 år eller yngre
  • Omsorg for eigne born kan godkjennas som inntil eitt års arbeidserfaring
  • Relevant utdanning: barne- og ungdomsarbeidar
  • Studiespesifikke krav: Faga engelsk, norsk og matematikk blir særleg vektlagt

Les meir om utdanninga og søk studieplass her.

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

1 + 1 =