Korleis påverkar stress hjernens fungering og kapasitet? – Og korleis påverkar det åtferda til barn og unge? Dette vil du lære meir om i dette mikroemnet.
Opnar for søknader: 1. desember 2024
Fortløpande opptak fram til: 26. januar 2025
Kort om det faglege innhaldet:
Dette emnet har fokus på utfordrande åtferd, med hovudvekt på korleis stress påverkar hjernens fungering og kapasitet. I temaet om stressteori blir sentrale mekanismar belyste, og det blir sett søkjelys på korleis vi kan forstå, handtere og meistre stress i arbeid med utfordrande åtferd, både blant elevar/barn og tilsette. Teori og forsking om hjernens oppbygging og fungering blir lagt fram for å gi ein heilskapleg forståing av korleis hjernen verkar, og korleis det kan knytast til praksis. Samanhengen mellom stress og hjernens fungering blir undersøkt for å skape ei djupare forståing av åtferda til barn, unge og tilsette.
Praktisk informasjon:
- Forkunnskapskrav: Ingen
- Tilrådde forkunnskapar: Erfaring frå arbeid i barnehage, skule eller liknande
- Arbeidsformer:
- 2 frivillige digitale samlingar (ved oppstart og avslutning)
- Digitale ressursar med forelesingar og refleksjonsoppgåver
- Prøvings- og vurderingsformer: Skriftleg heimeeksamen over 5 dagar, 1500 ord (+/- 10 %)
- Vurderingsuttrykk: Bestått/ikkje bestått
- Eksamen: Fem dagars skriftleg heimeeksamen 24. – 28. mars 2025