Om emnet
Data finnes overalt og i ulike formar, men kva er eigentleg data? Kvar kjem dei frå, og kva kan dei bli brukt til? Målet med dette emnet er å gje deltakarane grunnleggjande kunnskap i kva data og digitalisering gjer med oss og samfunnet me er ein del av, og å forså meir av teknologiane som ligg bak. Sentrale begrep og tema i dette emnet:
- Digitalisering og datafisering
- Ulike typar data og eigenskapar ved desse
- Livsløpet til ulike typar data
- Ulike bruksområder for ulike typar data
- Rollene data spelar i samfunner
- Data literacy
Gjennomføring
Emnet er 100% nettbasert og går over ein periode på 7 veker. All undervisning og oppgåveløysing føregår på UiBs digitale læringsplattform Mitt UiB, som du får tilgang til når du er tatt opp som student.
Studiestart: Onsdag 5. februar 2025. Ferdig 19. mars 2025.
Det digitale oppstartsmøtet er ikkje obligatorisk, men me oppmodar alle som kan til å delta. Det vil bli lagt ut opptak av oppstartsmøtet i etterkant, for de som ikkje har anledning til å delta direkte.
Emnet er organisert i 6 modular. Til kvar modul er det tekst og digitale forelesninger om tema. Du må løyse 1 oppgåve i kvar modul. Når du har vore gjennom alle modulane, levert alle oppgåvene og fått disse godkjent av faglærar, er emnet fullført og bestått. Fullført emne gir 2,5 studiepoeng.
Emnet er gratis, ein betalar kun ei semesteravgift på kr 650,-.
Førehandspåmeldinga er no fullteikna. UiB opnar for påmelding for alle 15. november.