Kompetansebehov i Hardanger, Voss og Kvinnherad

Kva kompetanse treng verksemdene våre? Kva treng du?

Ikon_logomerke_studentstovegrønn

Kompetansekartlegging: Stort behov i regionen vår!

Arbeidsgivarar i Hardanger, Voss og Kvinnherad har fortalt oss kva kompetanse dei treng no og framover. Kjenner du deg att i funna? Og kva treng de hjå dykk?

Om kartlegginga

Hausten 2026 svarte 250 verksemder i Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss på spørsmål om kompetansebehov. HVK Studiesenter tok initiativ til kartlegginga, og Opinion gjennomførte den. Dette er andre gongen vi kartlegg behova i regionen, førre gong i 2024.

Les heile rapporten her: Kompetansekartlegging Hardanger, Voss og Kvinnherad 2026

Sjå rapporten frå 2024 her: Kompetansekartlegging Hardanger, Voss og Kvinnherad 2024

Dei tre viktigaste funna:

Ikon_diamant_studentstovegrønn

1. Kompetanseheving

50 % av verksemdene har tilsette som treng kompetanseheving.

Like mange synest det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, omtrent som i 2024.

Ikon_logomerke_studentstovegrønn

2. Lokalt tilbod

At opplæringa tek kort tid og er geografisk nær, er viktig for verksemdene.

Ikon_robot_studentstovegrønn

3. Digital kompetanse

På tvers av bransjar er det størst behov for kompetanseheving innan kjernekompetanse i eige fag, saman med IT, digitalisering og KI.

Ned i materien - kva ser vi?

Hugs- nokre av utvala har låg populasjon. Det betyr at vi ikkje skal sjå resultata som to strekar under svara, men som ein indikasjon.

  • Halvparten av verksemdene har tilsette som treng kompetanseheving (50 %). Delen er høgare i offentleg sektor og i verksemder med 20 eller fleire tilsette.
  • Dei vil ha det kort og i nærleiken. Tre av fire (75 %) av dei som har behov, ønskjer korte kurs på 1–2 dagar. 63 % seier at eit lokalt tilbod i stor grad vil gjere det lettare å heve kompetansen.
  • Det største behovet er kjernekompetansen i eigen bransje, og deretter IT og digitalisering. Verksemdene oppgir til saman 668 tilsette med behov innan kjernekompetanse og 475 innan IT og digitalisering, KI inkludert.
  • KI er alt i bruk, men folk treng opplæring. 64 % brukar KI i dag, og 42 % seier dei treng opplæring. Blant dei som alt brukar KI, seier 53 % at dei treng opplæring.
  • Mangelen på arbeidskraft står stille. Halvparten synest det er vanskeleg å få tak i kvalifisert arbeidskraft, og 23 % har stillingar dei ikkje får tilsett i. Det er det same som i 2024.

Nytt i 2026: Spissa KI-spørsmål, rangering av studieformat, oppfølgingsspørsmål om kva tilbod som manglar, og talet på tilsette per fagområde.

Kva betyr dette for …

Arbeidsgivarar

  • Behova går igjen på tvers av bransjar. Etter kjernekompetansen kjem IT/KI, deretter HMS og regelverk, og så leiing og prosjektleiing.
  • Dei største hindringane er at ein ikkje finn relevante tilbod (37 %), tid og bemanning (36 %), pris (33 %) og at dei tilsette ikkje er interesserte (30 %).
  • Mange veit ikkje sjølve kva dei saknar, og nokre seier rett ut at dei manglar oversikt over kva som finst.
  • Det de kan gjere sjølve: diskuter internt om kva de treng av kompetanse, snakk med dei tilsette, ta initiativ  og meld behovet til studiesenteret. Då kan vi samle behovet på tvers av verksemder. Hugs at vi skreddarsyr opplegg saman med utdanningstilbydarane! Og: Følg med på HVK Studiesenter sin nettside, på Linkedin, Instagram og Facebook. Meld deg på nyheitsbrevet vårt!

Utdanningstilbydarar

  • Volumet ligg på korte kurs (75 %) og mikroemne (29 %). Fagskule (24 %) er det mest etterspurde av dei formelle løpa.
  • Offentleg sektor, større verksemder (50+) og undervisningssektoren etterspør i større grad emne med studiepoeng, årsstudium, bachelor og master.
  • Dei som ser på fagskule, høgskule eller universitet som relevant, føretrekkjer klart nettbasert med samlingar. Studiar der institusjonen held til, kjem lågast ut.
  • Etterspurnaden er størst innan IT/digitalisering/KI og HMS/regelverk. Berekraft er verdt å merke seg: færre verksemder, men store aktørar med mange tilsette.

Kommunar, næringsapparat og andre

  • Rekrutteringsproblemet er stabilt og størst i reiseliv (65 %) og bygg og anlegg (62 %). Flest ledige stillingar finn vi i helse og omsorg (35 %) og bygg og anlegg (33 %).
  • Kompetanseheving av dei som alt jobbar her, er eit rekrutteringsverktøy når det er vanskeleg å hente folk utanfrå.
  • Lokale tilbod betyr noko for 63 %, og endå meir for offentleg sektor. Det styrkjer argumentet for studentstovene og for samlingar i regionen.
  • Kommunane sjølve peikar seg ut med høgt behov og høg KI-bruk (82 % i offentleg sektor mot 58 % i privat).

 

Skreddarsydde utdanningstilbod

Vi kartlegg kva kompetanse regionen treng – og samarbeider med utdanningstilbydarar for å gjere noko med det. Er du arbeidsgivar og vil vere med å skreddarsy tilboda? Ta kontakt med oss! 👇🏽

Innspel?

Har du behov for kompetanseløft i form av utdanning i di bedrift, eller ønske om utdanning som vil kunne kvalifisere fleire til å jobbe for deg i framtida? Eller har du andre spørsmål/innspel? Da høyrer vi gjerne frå deg.