Om oss
HVK Studiesenter skal gjera utdanning tilgjengeleg for alle i regionen - uavhengig av bustad, livssituasjon eller økonomi.
Me gjer fleksibel utdanning mogleg
i Hardanger, Voss og Kvinnherad
Tilretteleggar
- Leggje til rette for fleksibel og desentralisert utdanning der folk bur.
- Skape gode læringsarenaer.
Pådrivar
- Formidla eit breitt og relevant utdanningstilbod.
- Kartleggje regionens kompetansebehov.
Koplar
- Vere bindeledd mellom individ, næringsliv, offentlege aktørar og utdanningsinstitusjonar.
- Bidra til nærings- og samfunnsutvikling.
Kva er eit studiesenter?
Eit studiesenter er ei fysisk eining utanfor utdanningsinstitusjonanes eigne studiestader, og som legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i samsvar med behova til individ, arbeidsliv og offentleg verksemd i regionen.
HVK Studiesenter er resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice som starta i 2021. Som eitt av totalt fire Studiesenter i Vestland, dekkjer HVK Studiesenter kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss.
Nettverket Studiesentera i Vestland (SIV)
Studiesentera i Vestland (SIV) beståande av HVK Studiesenter, StudieHub – Fjordane Studiesenter, Studiesenter Kysten og Sogn Kompetanse har samla seg i eit koordinerande nettverk. Til saman representerer SIV 23 kommunar i Vestland og kring 160 000 innbyggarar. SIV er ikkje ei formell og fysisk eining, men eit fellesskap.
Målet med SIV er å styrke oss som éin aktør ved å inngå eit strategisk samarbeid om utvikling og gjennomføring av kompetansetiltak, kompetansedeling og profilering i våre regionar. Vidare fungerer SIV som eit fellesskap opp mot relevante samarbeidspartnara.
Kontakt oss
Silje Heistein Lund
Prosjektleiar HVK Studiesenter
E-post: silje@hardangervoss.no
Tlf: 408 55 332
Amanda Bjørnenak
Prosjektmedarbeidar
E-post: amanda@nhullensvang.no
Tlf: 916 95 656
Næringshagen i Ullensvang er eit vekst- og innovasjonsselskap som jobbar tett med næringslivet for nyskaping, vekst og utvikling. Hovudmåla er å styrkje næringslivet si langsiktige verdiskaping, konkurransekraft, innovasjonsevne og sysselsetting i form av nye arbeidsplassar.
Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.
KNS er ein medlemsstyrt organisasjon som skal ha hovudfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er gje råd, hjelp og støtte til etablerarar.