UTDANNING

Utfordrande åtferd i barnehage og skule – stress og regulering

Tilbyder

Universitetet i Stavanger

Søknadsfrist

26. jan, 2025

Oppstart

3. feb, 2025

Omfang

Deltid

Undervisning

Nettbasert

Studiepoeng

5

Korleis påverkar stress hjernens fungering og kapasitet? – Og korleis påverkar det åtferda til barn og unge? Dette vil du lære meir om i dette mikroemnet.

Opnar for søknader: 1. desember 2024
Fortløpande opptak fram til: 26. januar 2025

Kort om det faglege innhaldet:

Dette emnet har fokus på utfordrande åtferd, med hovudvekt på korleis stress påverkar hjernens fungering og kapasitet. I temaet om stressteori blir sentrale mekanismar belyste, og det blir sett søkjelys på korleis vi kan forstå, handtere og meistre stress i arbeid med utfordrande åtferd, både blant elevar/barn og tilsette.  Teori og forsking om hjernens oppbygging og fungering blir lagt fram for å gi ein heilskapleg forståing av korleis hjernen verkar, og korleis det kan knytast til praksis. Samanhengen mellom stress og hjernens fungering blir undersøkt for å skape ei djupare forståing av åtferda til barn, unge og tilsette.

Praktisk informasjon:
  • Forkunnskapskrav: Ingen
  • Tilrådde forkunnskapar: Erfaring frå arbeid i barnehage, skule eller liknande
  • Arbeidsformer:
    • 2 frivillige digitale samlingar (ved oppstart og avslutning)
    • Digitale ressursar med forelesingar og refleksjonsoppgåver
  • Prøvings- og vurderingsformer: Skriftleg heimeeksamen over 5 dagar, 1500 ord (+/- 10 %)
  • Vurderingsuttrykk: Bestått/ikkje bestått
  • Eksamen: Fem dagars skriftleg heimeeksamen 24. – 28. mars 2025

Les meir om mikroemnet

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

15 + 12 =