Til hausten tilbyr Høgskulen på Vestlandet (HVL) ein heilt ny bachelor i skulefritidspedagogikk på Stord, Sogndal og i Bergen. Studiet har ein kombinasjon av fysiske samlingar og nettundervisning, og går over fire år som eit deltidsstudium.
Bachelorutdanninga består av fleire emne innan leik og læring, mat og måltidsglede, fysisk aktivitet og rørsleglede, kunst- og kulturaktivitetar, samt leiing og spesialpedagogikk. Les meir om utdanninga på denne lenka. Dei som har tatt nokon av desse emna i vidareutdanninga for SFO-tilsette vil få fritak frå desse i bacheloren.
Etter innføringa av gratis kjernetid har talet på born i SFO auka kraftig. Den nye bacheloren skal bidra til at SFO– tilsette på Vestlandet kan styrke sin kompetanse og til at det blir ein god samanheng i heile skuledagen for borna. Sidan mange av dei tilsette i SFO også jobbar deltid i skulen, er bachelorutdanning utvikla med mål om å gi kompetanse som gagnar heile skulen.
Skulefritidsordninga (SFO) er ein viktig arena der barn opplever vennskap, trivsel, meistring, leik og glede. Med ein bachelor i skulefritidspedagogikk kan du støtte barn si heilskaplege utvikling gjennom praktiske og estetiske læringsaktivitetar i tråd med rammeplanen. Du vil kunne gi assistanse til barn med ulike utfordringar i skulekvardagen, bidra til å styrke det pedagogiske arbeidet i SFO og fremje samarbeidet mellom SFO, skule og heim.
Korleis er undervisninga?
Studiet kombinerer fysiske samlingar med nettundervisning. Det er lagt opp til tre fysiske samlingar per semester, kvar på 2–3 dagar. Dei fysiske samlingane vil finne stad på campusen du søker deg til – anten i Bergen, Sogndal eller Stord.
Praksis
Praksis er ein viktig og obligatorisk del av bachelorstudiet i skulefritidspedagogikk. Den vil gå føre seg i skulefritidsordninga (70 %) og i skulen (30 %), fordelt på seks praksisperiodar med totalt 70 dagar. Hovudregelen er at praksis vert gjennomført i samanhengande periodar, men noko punktpraksis kan òg førekomme. Dersom du allereie jobbar i SFO, kan store delar av praksisen gjennomførast på eigen arbeidsplass.
For kullet 2025 vil praksisen vere fordelt slik:
- Hausten 2025: 10 dagar praksis
- Våren 2026: 20 dagar praksis
Praksis det første studieåret skal i utgangspunktet gjennomførast på eigen arbeidsplass.
Opptakskrav:
Er du nysgjerrig på å høyre meir om den nye bacheloren, korleis den er lagt opp og kva du lærer?
HVL inviterer til informasjonsmøte tysdag 11. mars kl. 19.00-20.00, digitalt på teams og onsdag 12. mars kl. 19:00-20:00, fysisk på Høgskulen på Vestlandet, campus Stord. Da vil Arne Kaldestad, studieprogramleiar og ein av faglærarane presentere utdanninga.
Påmelding: https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=MKL7E2K3S59J