Kompetansebehov:

Kva kompetanse treng regionen vår?

Kompetansekartlegging: Regionen vår har behov for kompetanse! 

Opinion gjennomførte i oktober 2024 ei undersøking blant registrerte bedrifter i kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ulvik, Ullensvang og Voss. Føremålet for undersøkinga var å kartlegge behov, villigheit og støtte rundt vidareutdanning blant offentlege og private verksemder i regionen. 

Dei tre viktigaste funna: 

  1. Over halvparten av verksemdene i regionen slit med tilgang på kvalifisert arbeidskraft.
  2. Ein tredel har behov for kompetanseheving for alle sine tilsette. 
  3. Digitale verktøy og tenester skil seg ut som ettertrakta kompetanse på tvers av bransjar. 

Les heile rapporten her: Kompetansekartlegging Hardanger og Voss 2024

Skreddersydde utdanningstilbod

HVK Studiesenter skal jobbe for å sikre eit varig tilbod av fleksible og desentraliserte utdanningar i regionen, med etter- og vidareutdanningar som næringslivet i regionen til ein kvar tid treng og etterspør. På denne måten skal me bidra til at regionen får økt relevant kompetanse, og vonleg fleire ut i arbeid. 

Har du behov for kompetanseløft i form av utdanning/kurs i di bedrift, eller ønske om utdanning/kurs som vil kunne kvalifisere fleire til å jobbe for deg i framtida? Eller har du andre spørsmål/innspel? Da høyrer vi gjerne frå deg her: 

Innspel?

Har du behov for eit kompetanseløft i di bedrift, eller eit ynskje om ei spesifikk utdanning som er tilpassa din bransje? Då høyrer me gjerne frå deg. 

8 + 1 =