I dette emnet får du innføring i bruk av aktuelle måleinstrument og tilleggsutstyr innanfor elektro/automasjon. Du får kjennskap til sentrale, måletekniske omgrep og lærer trygg bruk med tanke på hmt, instrument og måleobjekt. Du lærer om ulike måleteknikkar og ulike bruksområder. Modulen er på 5 studiepoeng og er ein del av fagskuleutdanninga Automatisering på 120 studiepoeng.
Studiet er nett- og samlingsbasert og undervisninga skjer gjennom webinar via videokonferanseverktøyet Teams. Studiet består av fem samlingar fordelt på fem veker, der tredje samlinga er fysisk på lab i Førde. Samlingane er på dagtid. Mellom samlingane er det eigenstudiar.
Arbeidsmengde
- Timeplanfesta timar: 20
- Eigenstyrt aktivitet: 105
Industriens kompetansefond
Dette studiet er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Det betyr at bedrifter som er medlem i Norsk Industri kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker for tilsette som deltek i og gjennomfører tilbodet.
Les om Industriens kompetansefond og korleis du søker støtte her
Ein treng sjølvsagt ikkje vere omfatta av ein tariffavtale for å ta dette studiet.
Samlingsplan vår 2026
| Veke | Dag | Dato | Tid | Sted |
| 2 | Onsdag | 7. januar 2026 | Kl. 12:00 – 15:00 | Teams |
| 3 | Tysdag | 13. januar 2026 | Kl. 12:00 – 15:00 | Teams |
| 4 | Onsdag | 21. januar 2026 | Kl. 09:00 – 15:00 | Fysisk Førde |
| 5 | Onsdag | 28. januar 2026 | Kl. 12:00 – 15:00 | Teams |
| 6 | Onsdag | 4. februar 2026 | Kl. 12:00 – 15:00 | Teams |
| 8 | Onsdag | 18. februar 2026 | Kl: 23:59 | Frist innlevering |
Les meir om utdanninga her