Stadig fleire lagar – og kjøper – norsk sider. No har sidernæringa stort behov for fagfolk som kan jobbe med skildring, klassifisering og bruk av sider. Bli siderens versjon av sommelier: pommelier.
Utdanninga er på 30 studiepoeng, noko som svarar til eit halvt år på fulltid. Studiet vårt går over eitt år på deltid og er nettbasert med samlingar.
Det blir seks samlingar i Ulvik som kvar går over tre dagar. Samlingane blir måndag – onsdag, og vil innehalde praktiske smakingar, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. I tillegg blir det nettundervisning på måndagar mellom samlingane.
Det blir samlingar i veke 5, 12 og 20 i vårsemesteret. Informasjon om samlingsveker i haustsemesteret kjem seinare.
Det blir undervist i tre emne og kvart emne består av 10 studiepoeng. Pomologi og produksjon har undervisning i både første og andre semester. Pommelieren 1 har undervisning første semester, medan Pommelieren 2 har undervisning i andre semester.
Det er avsluttande eksamen etter siste samling for kvart av emna.
Les meir om utdanninga her