UTDANNING

Skreddarsydde KI-system

Tilbyder

Fagskulen Vestland

Søknadsfrist

5. jan, 2026

Oppstart

28.01.2026

Omfang

Deltid

Undervisning

Nettbasert

Studiepoeng

5

Lær å utvikle og bruke KI-løysingar som gir verdi frå dag éin – tilpassa norske forhold og dine behov. Dette nettbaserte studiet gir 5 studiepoeng og er lagt opp for deg med ein travel kvardag. Utdanninga er gratis.

Samspel mellom KI og menneskeleg intelligens  

Eit sentralt fokus i utdanninga er korleis KI og menneskeleg intelligens kan utfylle kvarandre. Du lærer korleis KI kan forsterke menneskelege evner – ikkje erstatte dei. Målet er å utvikle løysingar som gjer fagleg innsikt, erfaring og vurderingsevne endå meir verdifulle.  

EU eller USA?  

Ein viktig del av utdanninga er å bruke KI på ein trygg, ansvarleg og lovleg måte. Du lærer korleis plattformer som OpenAI og Mistral.ai fungerer: 

  • OpenAI er ein USA-basert leverandør  
  • Mistral.ai er ein aktør basert i EU  

Du får innsikt i korleis desse plattformene handterer data, og korleis du byggjer ein bot som behandlar informasjon sikkert, ivaretek personvern og sikrar at verksemda følgjer gjeldande lover, standardar og interne retningslinjer.  

Val av språkmodellar og bruk av lokal KI  

Du får også innsikt i korleis du vel rett språkmodell til rett oppgåve – ein nøkkelkompetanse i dagens KI-arbeid. Vi jobbar med både store, skybaserte språkmodellar  og lokal kunstig intelligens.  

Du lærer korleis lokal KI gir betre kontroll, lågare kostnader, høgare datasikkerheit og moglegheit for å køyre KI på eiga maskinvare eller interne serverar. Samtidig får du forståing for når det er mest hensiktsmessig å nytte store, skybaserte modellar – og korleis desse kan kombinerast for å skape robuste og skalerbare løysingar.  

Nettbasert og praksisnær  

Utdanninga gir 5 studiepoeng, er reint nettbasert og utvikla for å passe inn i ein travel arbeidskvardag. Du jobbar med reelle problemstillingar frå eigen arbeidsplass og utviklar eigne KI-løysingar undervegs – slik at du sit igjen med kompetanse som gir direkte nytteverdi for di bedrift.  

Eit studium på 5 studiepoeng blir rekna som 125 timars arbeid. Dette inkluderer forelesingar, seminar, sjølvstudium og eksamensførebuingar. 

Dette studiet er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Det betyr at bedrifter som er medlem i Norsk Industri kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker for tilsette som deltek i og gjennomfører tilbodet.

Les om Industriens kompetansefond og korleis du søker støtte her

Ein treng sjølvsagt ikkje vere omfatta av ein tariffavtale for å ta dette studiet.

Les meir om utdanninga her

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

3 + 3 =