UTDANNING

Språkteknologi

Tilbyder

Universitetet i Bergen

Søknadsfrist

10. jun, 2025

Oppstart

21.10.2025

Omfang

Deltid

Undervisning

Nettbasert

Studiepoeng

2,5

Språkteknologi fokuserer på å utvikla metodar for automatisk handsaming av menneskeleg språk. Fagfeltet har revolusjonert korleis me kommuniserer med datamaskinar – frå å forbetre kundeservice med samtalebotar til å analysere sosiale medium for å forstå trendar. Språkteknologi har vore, og kjem til å fortsetja å vera ein uunnverleg del av moderne teknologi.

Om emnet

Dette emnet gir deg ei unik moglegheit til å forstå dei grunnleggjande prinsippa og teknikkane bak språkteknologi. Uansett bakgrunn vil denne kunnskapen gi deg verktøya du treng for å forstå og nytte språkteknologi i kvardagen din.

Gjennom praktiske døme og lettfattelege forklaringar vil du læra om:

  • Utviklinga av språkteknologi fram til i dag
  • Grunnleggjande omgrep og teknikkar i språkteknologi
  • Praktiske bruksområde for språkteknologi
  • Korleis språkteknologiske modellar blir trena
  • Avanserte konsept innan språkmodellering
  • Etiske utfordringar knytt til språkteknologi

Praktisk informasjon og gjennomføring

  • Oppstart: Tysdag 21. oktober 2025
  • Varigheit: Åtte veker
  • Undervisningsform: Digitale førelesingar og oppgåveløysing via UiBs digitale læringsplattform Mitt UiB.
  • Avsluttande fysisk samling: Me inviterer til ei valfri samling på UiBs campus tysdag 25. november 2025 for dei som ynskjer og har moglegheit til å delta. Deltaking på den fysiske samlinga er ikkje obligatorisk, men eit ekstratilbod. Nærare informasjon om tid og stad for samlinga, samt påmelding, blir gitt etter oppstart.
  • Vurdering: Vurderinga er mappevurdering. Dette betyr at du skal levera ei digital mappe med 4–8 oppgåver, som alle må vera fullførte og godkjende innan ein fastsett frist. Siste frist for å få alle oppgåvene godkjende blir opplyst etter oppstart av emnet.
  • Pris: Ein betalar kun semesteravgift på kr. 650,-

Påmelding: Som partnar av UiB tilbyr HVK Studiesenter førehandspåmelding til vårt nettverk frå og med 15. mai. Her er det begrensa plassar. Påmelding for ålmenta opnar 2. juni.

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

1 + 13 =