UTDANNING

ChatGPT og andre generative KI-verktøy i praksis

Tilbyder

Søknadsfrist

Oppstart

Omfang

Undervisning

Studiepoeng

NY DATO 11.01.2024

Me har vore så heldige å få med oss Thordur Arnason som foredragsholder denne kvelden. Thordur har dei siste åra fokusert på det banebrytande potensialet i kunstig intelligens, spesielt generativ KI. Han er ei viktig stemme i den teknologiske debatten og belyser kompleksiteten i KI-revolusjonen med engasjement, støtta av eigne erfaringar og praktiske eksempel.

Denne kvelden vil han vise oss veg gjennom landskapet av ulike KI-verktøy som generer både tekst, bilete, lyd og video. Thordur brenn for å fjerne misforståingar rundt generativ KI, og å vise korleis man kan nyttiggjere seg dei kreative moglegheitane desse kraftfulle verktøya representerar på ein etisk måte.

Foredraget vil ha ein praktisk tilnærming, og det vert lagt opp til at deltakarane kan prøva ulike (gratis) verktøy sjølv. Thordur deltek via Teams, men for å ha moglegheit til å hjelpa dykk, og for å få best moglege diskusjonar, oppmodar me om at dykk møter opp fysisk på desse stadene:

  • Odda: Smelteverket 57, 5750 Odda
  • Øystese: Fruktlageret, Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
  • Husnes: Kvinnherad Næringsservice, Stabburshaugen 5, 5460 Husnes
  • Voss: Voss Gondol, Evangervegen 5, 5704 Voss

Om du likevel ynskjer teamslenke, send ein e-post til utdanning@hardangervoss.no.

Me tilrår også dei to korte kursa: Hva er og hvordan bruke ChatGPT og Lær prompting med språkmodeller som ChatGPT på DigitalNorway sine nettsider. Har du gått gjennom desse før foredraget har du eit godt grunnlag, men det er ikkje eit krav.

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

11 + 8 =