Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter
Om oss
HVK Studiesenter skal auke kompetansen i Hardanger, Voss og Kvinnherad ved å tilby desentralisert utdanning som regionen etterspør.
Me har tre primære funksjonar:
- Skape ein lokal møteplass for utdanning (Studentstover)
- Vera ein motor for kompetanseheving gjennom samarbeid med utdanningssektoren
- Kople tilbod og etterspurnad etter kompetanse i lokalt og regionalt næringsliv
HVK Studiesenter er resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice som starta i 2021. Me fungerer som ein fysisk eining som legg til rette for desentralisert utdanning i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og tilbydarar. Utdanningstilboda skal baserast på etterspurnad etter kompetanse i lokalt og regionalt arbeidsliv.
Foto: Visit Hardangerfjord
Som eitt av totalt fire Studiesenter i Vestland, dekkjer HVK Studiesenter kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss. For å byggje studentmiljø er det etablert seks Studentstover, ei i kvar kommune. Dette er eit tilbod for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar.
Kontakt oss
Sofie Torlei Olsen
Prosjektleiar
Tlf: 975 37 358
e-post: sofie@hardangervoss.no
Amanda Bjørnenak
Tlf: 916 95 656
e-post: amanda@nhullensvang.no
Vidar Alfarnes
Tlf: 470 91 766
e-post: vidar@hvkstudiesenter.no
Næringshagen i Ullensvang er eit vekst- og innovasjonsselskap som jobbar tett med næringslivet for nyskaping, vekst og utvikling. Hovudmåla er å styrkje næringslivet si langsiktige verdiskaping, konkurransekraft, innovasjonsevne og sysselsetting i form av nye arbeidsplassar.
Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.
KNS er ein medlemsstyrt organisasjon som skal ha hovudfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er gje råd, hjelp og støtte til etablerarar.