
Voss
Studentstova på Voss ligg på gateplan i Gondolbygget. Her er me samlokalisert med Turistinformasjonen, og Hardanger og Voss Næringshage, og ein har tilong på kjøkken og sosiale soner.
Studentstova består av eitt rom med to arbeidsplassar. Begge arbeidsplassane har skjerm, dockingstasjon, tastatur og mus, og ein treng kun ha med sin eigen PC. I tillegg er det to enkeltplassar utan utstyr, så vel som ei hyggeleg sitjegruppe. Dersom ein ynskjer å fylgja digital undervisning har me også ulike møterom ein kan nytta.
Studentstova fyl Turistinformasjonen si opningstid.
Me jobbar med å få på plass ei digital bookingløysing, i mellomtida kan du senda ein e-post til post@hvkstudiesenter.no for å tinga plass. Studentstova er gratis å nytta.
HVK Studiesenter samarbeider godt med Voss bibliotek, som også har gode fasilitetar for studentar. Her finnes ein eigen lesesal, eit studierom med plass til 12, i tillegg til eit hyggeleg personal som kan bistå med å finna metodelitteratur og fagtekstar. Dei har også fleire arrangement i løpet av året.
Sjå bilete frå Studentstova og frå Voss Bibliotek: