Kurs
Digital kompetanse for arbeidslivet
Mange arbeidsgjevarar etterspør folk med digital kompetanse, som kan ein del om til dømes databehandling, personvern og IT-sikkerheit, eller som kan litt programmering og forstår korleis algoritmar eller kunstig intelligens fungerer.
No startar Universitetet i Bergen opp ei rekke med små, nettbaserte emne som skal gje ei innføring i fleire slike tema. Emna er gratis å ta, og er opne for alle over 25 år. Dersom du er under 25 år må du ha generell studiekompetanse frå vidaregåande skule.
Meir informasjon om dette studietilbodet og korleis du melder deg på: https://www.uib.no/nb/utdanning/evu/165984/digital-kompetanse-arbeidslivet
Kursrekka består av 8 emne, der dei to fyste emna vert starta opp våren 2024, to/tre emne vert starta opp høsten 2024, og resten vert starta opp utover 2025 og 2026. Ein kan velje å ta alle, eller berre nokon av kursa.
Kvart emne gjer 2,5 studiepoeng, noko som tilsvarar ca 50-70 timars arbeidsinnsats. Kvart emne går over 7 veker og har ein til to fysiske samlingar kvar. Undervisninga vert ein kombinasjon av nettundervisning og fysiske samlingar i regionen.
Det er 300 plassar på kvart emne, og løpande opptak så lenge det er ledige plasser. Det vil seie at det er «førstemann til mølla» som gjeld.
Hausten 2024 set UiB opp emna:
IKT-sikkerhet og Kunstig intelligens. Meir informasjon om emna og påmelding kjem.
Tilbyder
Universitetet i Bergen
Søknadsfrist
TBA
Oppstart
Haust 2024
Omfang
Deltidsutdanning
Undervisning
Fysisk i regionen og nettbasert
Interessert?
Hald deg oppdatert
Kursperiode: Haust 2024