Dette er det andre emnet i UIB sin kursrekke «Digital kompetanse for arbeidslivet».
Emnet DIGI611 Algoritmar og programmering gjev ei heilt enkel og grunnleggjande innføring i programmering med programmet Python. Du får lære dei viktigaste grunnreglane i programmering og øve deg på å programmere litt sjølv, med rettleiing frå faglærarane.
Emnet er nettbasert og går over om lag 7-8 veker. Emnet er gratis å ta, og er opne for alle over 25 år. Dersom du er under 25 år må du ha generell studiekompetanse frå vidaregåande skule.