I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet tilbyr HVK Studiesenter arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning over fire år. Oppstart vert september 2025. Samlingane fyrste året vil vera i Nordheimsund og Odda.
Utdanninga er ei deltidsutdanning over fire år (75% av heiltidsutdanning). Kvart semester er det er lagt opp til tre fysiske samlingar på tre dagar kvar (onsdag-fredag) , ca tre veker praksis, og 4-6 digitale samlingar. Dei digitale samlingane vil føregå på torsdagane dei vekene det ikkje er samlingar eller praksis.
Samlingsdatoar:
Haust 2025:
Første samling (veke 38): 17–19. september i Odda
Andre samling (veke 43): 22–24. oktober i Norheimsund
Tredje samling (veke 49): 3–5. desember i Odda
Vår 2026:
Fjerde samling (veke 5): 28–30. januar i Norheimsund
Femte samling (veke 13): 25–27. mars i Odda
Sjette samling (veke 21): 20–22. mai i Norheimsund
Praksisveker:
Haust 2025: Veke 44–45
Vår 2026: Veke 6–7 og 16–17
Nettdag: Torsdager
Utdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng, der bacheloroppgåva utgjer 15 studiepoeng. I tillegg kjem det ei fordjuping på 30 studiepoeng.
Utdanninga er fullteikna og opptak til barnehagelærarutdanning er stengt.
Opptakskrav:
- Generell studiekompetanse eller realkompetansevurdering.
- Vera tilsett i ein barnehage, eller ein tilsvarande arbeidsinstitusjon med ansvar for born i alderen 0-18 år.
- Dersom du i dag ikkje er tilsett i ein barnehage, er usikker på om du kvalifiserer til opptakskrava, eller har andre spørsmål til opptak kan du kontakte oss på utdanning@hardangervoss.no
Realkompetanse:
- Samla kunnskap frå yrkespraksis, ubetalt arbeid, organisasjonsarbeid eller liknande.
- Vera 25 år eller eldre og ha fem års fulltids arbeidserfaring som er relevant for faget.
-
Har du fagbrev i Barne- og ungdomsarbeidarfaget OG 5 års relevant arbeidserfaring på fulltid tilfredsstiller du opptakskravet. Du må hente inn attestar som dokumenterer arbeidserfaringa, finne vitnemål og godkjent fagbrev.
-
Har du fagbrev i Barne-og ungdomsarbeidarfaget men MINDRE enn 5 års relevant arbeidserfaring på fulltid. Dersom du har 4 år eller meir, kan du bruke tida fram til studiestart på å samle siste års relevant arbeidserfaring.
- Relevant arbeidsområde: Praksis innan helse-, omsorg-, sosial– eller undervisningssektoren eller tilsvarande, der du har arbeida med born og ungdom som er 18 år eller yngre
- Omsorg for eigne born kan godkjennas som inntil eitt års arbeidserfaring
- Relevant utdanning: barne- og ungdomsarbeidar
- Studiespesifikke krav: Faga engelsk, norsk og matematikk blir særleg vektlagt