God respons på Opinion si kompetanse-kartlegging

Forfattar: Vidar Alfarnes

Lokale verksemder er på leit etter folk med den rette verktøykassa. Mange seier også at dei treng hjelp til å klatre i den stadig brattare digitaliseringsstigen. Og dei er viljuge til å leggje pengar på bordet for påfyll av den rette kompetansen.

Det er kortversjonen av funna i kartlegginga som Opinion har gjennomført på oppdrag for HVK Studiesenter (via Hardanger og Voss Næringshage). Både privat og offentleg næringsliv i kommunane Ulvik, Voss, Kvam, Eidfjord, Ullensvang og Kvinnherad har vorte kontakta. Og skal me tru Sunneva Kilsti, seniorrådgjevar hjå den norske giganten av marknads- og samfunnsanalysar, har svarprosenten vore høg.

På telefon

– For denne type spørjeundersøking er det svært sjeldan at ein oppnår liknande respons. Dei lokale næringslivsaktørane var også svært positive til at oppdragsgjevaren vår kunne ta kontakt med dei i ettertid, forklarar ei som har arbeidd innan fagfeltet dei siste 24 åra.

– I dag er det ikkje så ofte at det vert nytta telefon i jakta på svar. Men når det gjeld denne type undersøkingar, er det den einaste medisinen som fungerer. Å sende spørjeskjema til e-postmottak i verksemdene er ganske fånyttes, forklarar ho.

Seniorrådgjevar Sunneva Kilsti hjå Opinion tykte næringslivet i Hardanger, Voss og Kvinnherad responderte svært bra på den nyleg utførte kompetansekartlegginga. – Det var tydeleg at verksemdene sjølve opplevde temaet som både interessant og relevant. Foto: Opinion

– Det er mindre vanleg å gjere kartleggingar i næringslivet enn blant forbrukarar. Dette skuldast at næringsaktørar kan vere vanskelege å nå. Det er viktig at verksemder opplever temaet som interessant og relevant for dei sjølve, noko som er tilfellet her. Når over halvparten av bedriftene i regionen slit med å få tak i kvalifisert arbeidskraft og nær halvparten har behov for kompetanseheving dei neste fem åra, er det tydeleg at dette trefte ein nerve, seier Kilsti.

Retta mot bransjane

Heile 258 bedrifter svara på undersøkinga. Og som allereie nemnd slit kring halvparten med tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Ein tredel har behov for kompetanseheving for alle sine tilsette.

–  Digitale verktøy og tenester skil seg ut som ettertrakta kompetanse på tvers av bransjane, forklarar Sofie Torlei Olsen, prosjektleiar i HVK Studiesenter. Og held fram:

– Kartleggingsfunna vil bli brukt til å utarbeide framtidige utdanningstilbod. Målet er å jobbe meir konkret mot bransjar og sektorar på tvers av kommunane, for å sikre at me treff godt med dei utdanningane som vert presentert for regionen vår.

– Kartleggingsfunna vil bli brukt til å utarbeide framtidige utdanningstilbod for verksemdene i regionen vår, lovar prosjektleiar i HVK Studiesenter, Sofie Torlei Olsen. Foto: Vidar Alfarnes

PS! Rett etter at Opinion hadde gjennomført undersøkinga frå distriktet vårt, følgde Sogn Kompetanse opp og tinga ei lik undersøking mynta på næringslivet i Indre Sogn. HVK Studiesenter samarbeider allereie med Sogn Kompetanse. I eit fellesskap som også inkluderer Studiesenter Kysten og Fjordane Studiesenter.

Andre nyhende