FuNs nasjonale årskonferanse  

thumbnail_IMG_2508

26.–27. november deltok HVK Studiesenter i Oslo på FuNs (Fleksible utdanningar Norge) nasjonale årskonferanse. Konferansen samla aktørar frå heile landet for å diskutera framtidas fleksible utdanningstilbod. 

Inspirerande høgdepunkt frå konferansen 

Konferansen var ein inspirerande arena for utveksling av erfaringar, ny kunnskap og idear om korleis fleksible utdanningstilbod kan vidareutviklast for å møte behova til framtidas studentar. 

I løpet av to dagar var det fleire spanande innlegg og presentasjonar. Her er nokre av høgdepunkta: 

  • NASA HUNCH-prosjektet 
    Catharina Frostad, CEO for NASA HUNCH Norway, presenterte saman med elevar frå Hadeland vidaregåande skule. Dei gav innsikt i eit unikt samarbeid mellom utdanning og innovasjon, der elevar får høve til å arbeida med ekte romfartsprosjekt. 
  • Samlingsbaserte studium i distrikta 
    Mette Halvorsen Hornseth frå Tynset studie- og høgskulesenter delte erfaringar om verdien av samlingsbaserte studietilbod. Ho viste korleis dette gir bonusstudentar i distrikta betre moglegheiter til å lukkast med utdanninga. 
  • Effektive læringsmetodar for nettstudentar 
    Sylvia Weddegjerde Skjelderup frå Fagskulen Viken delte innsikt i nyare nevrologisk forsking. Ho fokuserte på korleis nettstudentar kan læra å meistra studia meir effektivt, og kva som skal til for å auka gjennomføringsgraden. 

Om fleksible utdanninger Norge (FuN):  

FuN er ein interesseorganisasjon for fagfeltet fleksibel utdanning og opplæring. Dei har medlemmar frå heile utdanningsspekteret, frå dei store universiteta til dei minste nettskulane. Saman jobbar dei for kunnskap og utvikling av fleksibel læring. HVK Studiesenter er medlem hjå FuN, og får på denne måten tilgong på eit stort nettverk der me kan utveksle erfaringar.  

DIGI illustrasjon 2_0

Førehandspåmelding til haustens DIGI-emne – sikre deg plass no!

social-aldring-og-helse

Nysgjerrig på vidareutdanning innan helse og omsorg? Bli med på digitalt informasjonsmøte 11. mai

Fellesbilde (5)

Fagleg påfyll og politisk synleggjering: Vellykka samling i Bergen

Upscaled with Gigapixel v8.4.4. 1456x816 => 5824x3264 (4x) Model: Standard V2, denoise: 0.6461566385922382, sharpen: 0.3659451183028342, decompression: 0.05667826431660699

Spennande utdanningar frå Fagskulen Vestland