Har sikra barnehagelærarutdanning til Hardanger- og Voss-regionen

Torsdag 21.november vart det avgjort i styret til Høgskolen på Vestlandet (HVL). Hausten 2025 kan ein utdanne seg til barnehagelærar i Hardanger- og Voss-regionen.

– Dette er ein gledens dag! Næringsregionen Hardanger, Voss og Kvinnherad, som i ettertid har etablert HVK Studiesenter, har i fleire år vore pådrivar for å få Høgskulen på Vestlandet (HVL) til å leggje ei desentralisert barnehageutdanning til regionen vår. No er det endeleg vedteke, jublar Sofie Torlei Olsen, prosjektleiar for HVK Studiesenter, og legg til:

– Som det kom fram i rapporten frå Opinion, opplever over halvparten av dei 258 verksemdene som svara at det er vanskeleg å skaffa seg kompetente tilsette, og ein firedel har vakante stillingar dei ikkje klarar å fylla. Dette er i stor grad også gjeldande for barnehagesektoren, og me håpar no å kunne vera ein medverkande aktør for å minske kompetansegapet.

Tilrettelagt utdanning der folk bur

– Å få sjanse til å ta denne utdanninga kombinert med jobb, betyr at ein må tilretteleggje for utdanninga der folk bur. Hovudmålgruppa er vaksne personar som allereie jobbar i barnehagar eller andre sektorar, dei har ikkje vidareutdanning, og dei er gjerne etablert med familie. Å reise til campus i Bergen, Stord eller Sogndal er ikkje eit alternativ for veldig mange, seier Torlei Olsen.

Utdanninga vil vera ein kombinasjon av samlingar og nettundervisning, og gå over fire år. Kvart semester har tre samlingar á tre dagar. Desse samlingane vil gjennomførast i dei seks kommunane HVK Studiesenter representerer (Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ulvik, Ullensvang og Voss). Eksakt kvar samlingane skal vera, skal kommunane sjølve få vera med å avgjera.

– Me veit at barnehagesektoren har ei stadig auke av dispensasjonar med bruk av ufaglært arbeidskraft, og at det er vanskelegare å rekruttera faglærde til distrikta. Det viktigaste for oss har difor vore å sikre at denne utdanninga no vert tilbydt i vår region, så skal me saman med kommunane bli samde om kvar samlingane skal leggjast, seier Torlei Olsen.

Er i gong med rekrutteringa av studentar

Det er kommunane sjølve som er ansvarleg for å rekruttere studentar frå sine eigne rekkjer, men personar som per i dag ikkje jobbar i ein av dei seks kommunane er likevel velkomne til å søkja.

– Me har saman med kommunane jobba for å rekruttere studentar ei god stund allereie. Me har mange som er førehandsgodkjende, og fleire som er interesserte. Likevel er det heilt avgjerande at me får minimum 30 studentar, elles blir det ingenting av, seier Torlei Olsen, og legg til:

– For dei som har vurdert å ta denne etter- og vidareutdanninga må dei no kjenne si besøkelsestid og nytta høvet, avsluttar Torlei Olsen.

Meir informasjon om studiet finn ein på her.

Andre nyhende