Fagskulen Vestland
|
Nettbasert med samlingar
Gastronomisk reiseliv
Søknadsfrist
15. April 2025
Oppstart
15. August 2025
Studiepoeng
30
Deltid
Studiet gastronomisk reiseliv vil fokusere på gastronomisk turisme som ein eigen form for reiseliv. Samstundes vil ein sjå på korleis gode mat og drikkeopplevingar er viktig for reiselivet som heilheit. Studiet vil også sjå nærare på korleis ein skapar unike opplevingar, og korleis desse skal prisast og marknadsførast.
Om utdanninga
Utdanninga er på 30 studiepoeng som tilsvarar ½ år på fulltid. Vi tilbyr dette som nettbasert utdanning med samlingar over eit år. Det vert 6 fysiske samlingar på 4 dagar. For skuleåret 2025-26 er det fysisk samling i veke 37, 45, 48, 3, 10 og 17.
Dei fleste samlingane vert på Hjeltnes i Ulvik, 2 samlingar vert andre stader. Det vert og 6 fagdagar med digital undervisning, i tillegg til asynkron nettundervisning mellom samlingane.
Les meir om utdanninga og opptakskrav her: https://www.fagskulen.no/utdanning/gront-og-gastronomisk/gastronomisk-reiseliv/
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!