Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter
Utdanning der du bur
Foto: Sverre Hjørnevik, Fjord Norway
Utdanning
Finn ut kva utdanningar me formidlar akkurat no.
Studentstove
Studentstovene er naturlege samlingsstader for studentar i alle aldrar.
Aktuelt frå HVK Studiesenter
Rekordstor interesse for barnehagelærar-utdanning
Heile 58 personar søkte om opptak til barnehagelærarutdanninga i Hardanger- og Voss regionen. No er opptaket stengt, og utdanninga er full. -Dette er svært gledelege tal og viser viktigheita av å få til høgare utdanningar i distrikta, seier Sofie Torlei Olsen, prosjektleiar for HVK Studiesenter.
FuNs nasjonale årskonferanse
26.–27. november deltok HVK Studiesenter i Oslo på FuNs (Fleksible utdanningar Norge) nasjonale årskonferanse. Konferansen samla aktørar frå heile landet for å diskutera framtidas fleksible utdanningstilbod.
Har sikra barnehagelærarutdanning til Hardanger- og Voss-regionen
Torsdag 21.november vart det avgjort i styret til Høgskolen på Vestlandet (HVL). Hausten 2025 kan ein utdanne seg til barnehagelærar i Hardanger og Voss regionen.