Studentstova Øystese

Studentstova i Øystese ligg på Fruktlageret i Sjusetevegen 27. Her er ein samlokalisert mellom anna med Hardanger og Voss Næringshage og fleire andre lokale bedrifter, og har tilgong på kjøkken og pauserom.

oystese-arbeidsstasjonar

Om studentstova

Studentstova består av eitt kontor med ein skrivepult og teknisk utstyr, i tillegg til eit gruppebord med plass til fire. Det er også fleire møterom av ulike storleikar, i tillegg til to «båsar» i mingleområde som ikkje kan tingast, men som kan nyttast dersom dei er ledige.

Studentstova er open kl. 7.30 – 15.30 på kvardagar, og er stengd i helger og helligdagar.

Me jobbar med å få på plass ei digital bookingløysing, i mellomtida kan du senda ein e-post til jarand@kvamfruktlager.no for å tinga plass.