Fagskulen Vestland
|
Nettbasert
Ombrukskartlegging med tilstandsanalyse – MODUL
Søknadsfrist
20. March 2026
Oppstart
15. April 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Her får du praktisk og teoretisk innsikt i korleis du kan fremje berekraft gjennom systematisk ombruk og avfallsførebygging i bygg- og anleggsprosjekt. Utdanninga er gratis.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Emnet er på 5 studiepoeng, og går over 2 månader. Kurset er nettbasert med tre digitale samlingar.
Undervegs skal du levere éi skriftleg oppgåve før avsluttande mappevurdering.
Vurdering
Vurderingsmappe som består av:
- Individuell skriftleg innlevering
- Individuell videopresentasjon
- Vurdering bestått/ikkje bestått
Samlingane skjer på nett. Kvar samling går over to dagar og varer frå 08:15 til 15:30 kvar dag.
- Samling 1: 15. og 16. april.
- Samling 2: 06. og 07. mai.
- Samling 3: Datoar kjem
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!