Om oss

HVK Studiesenter skal gjera utdanning tilgjengeleg for alle i regionen - uavhengig av bustad, livssituasjon eller økonomi.

hvk-silje-amanda (3 of 38) 2 MB

Me gjer fleksibel utdanning mogleg

i Hardanger, Voss og Kvinnherad

Ikon_studentar_studentstovegrønn

Tilretteleggar

  • Leggje til rette for fleksibel og desentralisert utdanning der folk bur.
  • Skape gode læringsarenaer.
Ikon_romskip_studentstovegrønn

Pådrivar

  • Formidla eit breitt og relevant utdanningstilbod.
  • Kartleggje regionens kompetansebehov.
Ikon_nettverk_studentstovegrønn

Koplar

  • Vere bindeledd mellom individ, næringsliv, offentlege aktørar og utdanningsinstitusjonar.
  • Bidra til nærings- og samfunnsutvikling.

Kva er eit studiesenter?

Eit studiesenter er ei fysisk eining utanfor utdanningsinstitusjonanes eigne studiestader, og som legg til rette for utdanning og kompetanseutvikling i samsvar med behova til individ, arbeidsliv og offentleg verksemd i regionen.

HVK Studiesenter er resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom Hardanger og Voss NæringshageNæringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice som starta i 2021. Som eitt av totalt fire Studiesenter i Vestland, dekkjer HVK Studiesenter kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Nettverket Studiesentera i Vestland (SIV)

Studiesentera i Vestland (SIV) beståande av HVK Studiesenter​, StudieHub – Fjordane Studiesenter​, Studiesenter Kysten​ og Sogn Kompetanse har samla seg i eit koordinerande nettverk. Til saman representerer SIV 23 kommunar i Vestland og kring 160 000 innbyggarar. SIV er ikkje ei formell og fysisk eining, men eit fellesskap.

Målet med SIV er å styrke oss som éin aktør ved å inngå eit strategisk samarbeid om utvikling og gjennomføring av kompetansetiltak, kompetansedeling og profilering i våre regionar. Vidare fungerer SIV som eit fellesskap opp mot relevante samarbeidspartnara.

LOGO SIV

Kontakt oss

Foto: Åsmund Aarsand

Silje Heistein Lund

Prosjektleiar HVK Studiesenter
E-post: silje@hardangervoss.no
Tlf: 408 55 332

Foto: Åsmund Aarsand

Amanda Bjørnenak

Prosjektmedarbeidar
E-post: amanda@nhullensvang.no
Tlf: 916 95 656

Næringshagen i Ullensvang

Næringshagen i Ullensvang er eit vekst- og innovasjonsselskap som jobbar tett med næringslivet for nyskaping, vekst og utvikling. Hovudmåla er å styrkje næringslivet si langsiktige verdiskaping, konkurransekraft, innovasjonsevne og sysselsetting i form av nye arbeidsplassar.

naringshagen-voss-logo

Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.

kvinnherad-naeringsservice-1

KNS er ein medlemsstyrt organisasjon som skal ha hovudfokus på næringsutvikling og service/rådgjeving til medlemmene. Ei anna viktig oppgåve er gje råd, hjelp og støtte til etablerarar.