Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
In english: MTE105 KI i helsetenesta
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
1. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
For legar, sjukepleiarar, leiarar og andre i helse- og omsorgssektoren som skal utvikle, vurdere, kjøpe inn eller ta i bruk KI-verktøy.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Engelsk
Neste oppstart: Hausten 2026 (eksakt dato kjem hjå UiS sine nettsider)
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr)
Arbeidsformer
Digitale forelesingar og oppgåver. Emnet er sjølvstyrt i eige tempo, og alt innhald er tilgjengeleg frå første dag. Innhaldet er delt opp i korte videoar.
Eksamen
Løpande vurdering i to delar, begge må vere bestått:
- Presentasjon (vekt 1/2): eit videoopptak på 10 minutt, levert midt i semesteret. Du kan bruke mobil, PC eller nettbrett – ingen krav til redigering.
- Rapport (vekt 1/2): leverast mot slutten av semesteret.
Alle hjelpemiddel er tillatne, og begge delane kan skrivast på norsk eller engelsk. Bestått / ikkje bestått. Det finst ikkje kontinuasjonseksamen – stryk du, må du ta emnet på nytt.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Emnet gir ei innføring i korleis KI-system blir utvikla, og kva du bør sjå etter når du skaffar eller vurderer eit KI-system til klinisk bruk. Du får oversikt over regelverket, mellom anna EU si AI-forordning (AI Act), CE-merking og FDA-krav.
Du lærer skilnaden på generativ KI, maskinlæring og djup læring, og du får omgrep som tryggleik, pålitelegheit, yting og nytteverdi sett i samanheng med helsetenesta. Emnet kombinerer teori med døme frå reell klinisk praksis og interaktive øvingar. I både midtvegs- og sluttvurderinga skal du vurdere KI-system som er relevante for din eigen arbeidsplass.
Emneansvarleg er Alvaro Fernandez Quilez, førsteamanuensis ved UiS.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!