Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
IND115 Ei praktisk innføring i strategisk leiing
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
1. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Strategi utan festtale. Eit emne for deg som skal ta strategiske val i eigen jobb, eige prosjekt eller eiga bedrift.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Norsk
Neste oppstart: Hausten 2026 (eksakt dato kjem frå UiS)
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr)
Arbeidsformer
Quizar og innleveringsoppgåver. Undervisninga er digital og delt opp i mindre bolkar, så du kan tilpasse ho til din eigen kvardag.
Eksamen
- Heimeeksamen over to veker, vekt 1/1
- Alle hjelpemiddel
- Bestått / ikkje bestått
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Emnet gir deg grunnlaget for å forstå kva strategi er, og korleis strategisk leiing kan skape verdi for deg og organisasjonen din. Innhaldet spenner frå å leie seg sjølv og andre strategisk, til å utvikle forretningsstrategiar og setje dei ut i livet.
Du blir kjend med sentrale analysemodellar som Porter sin femkraftsmodell og VRIO, og med breiare rammeverk som Business Model Canvas og Playing-to-Win. Etter emnet kan du bruke modellane til å analysere eksterne og interne faktorar, utvikle ein forretningsstrategi, kommunisere han og vurdere andre sine.
Emneansvarleg er Sigbjørn Landazuri Tveteraas, professor ved Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, UiS.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!