Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
In english: IND125 Grunnleggjande databehandling og analyse i Excel
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
1. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Excel frå botnen av, med studiepoeng. Passar både for deg som er heilt fersk og for deg som brukar Excel dagleg utan å bruke det godt.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Engelsk
Neste oppstart: Hausten 2026
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr)
Arbeidsformer
Digitale, førehandsinnspelte forelesingar og quizar. Alt innhaldet er tilgjengeleg frå dag éin, og undervisninga er delt opp i mindre bolkar.
Arbeidskrav
Minst seks av ti quizar må vere godkjende i løpet av semesteret for å få gå opp til eksamen.
Eksamen
- Heimeeksamen, 3 timar, vekt 1/1
- Alle hjelpemiddel, men eksamen er individuell – samarbeid er ikkje tillate
- Bruk av KI-verktøy må opplysast om
- Bestått / ikkje bestått
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Emnet gir ei strukturert innføring i Microsoft Excel, frå navigasjon og innlegging av data til dataanalyse og visualisering.
Du startar med å administrere arbeidsbøker, formatere data og importere data frå eksterne kjelder. Så jobbar du med formlar, logiske funksjonar og datavalidering, slik at du kan hente ut informasjon frå datasett, rekne og automatisere oppgåver. Til slutt lærer du pivottabellar, diagram og trendanalysar – å gjere rådata om til eit beslutningsgrunnlag.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!