Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
RIS105 Introduksjon til risikofag
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
1. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Kva er risiko eigentleg, og korleis vurderer og kommuniserer du han? Eit emne for deg som tek avgjerder med konsekvensar.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Norsk
Neste oppstart: Hausten 2026 (eksakt dato kjem hjå UiS)
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr)
Arbeidsformer
Emnet er digitalt og organisert i modular med fleire korte videoforelesingar. Alt innhaldet er tilgjengeleg frå dag éin.
Eksamen
- Heimeeksamen (fleirvalsoppgåver), 1 time, vekt 1/1
- Alle hjelpemiddel
- Bestått / ikkje bestått
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Emnet gir ei innføring i grunnleggjande idear og definisjonar innan risikofaget: korleis vi tenkjer om og skildrar risiko, korleis vi vurderer risiko når vi skal ta avgjerder, korleis risiko blir oppfatta og bør kommuniserast, og korleis han kan handterast.
Du får innsikt gjennom døme frå fleire område – klimarisiko, miljørisiko, terrorisme, romfartsverksemd og pandemihandtering. Sentrale omgrep er risiko, uvisse, sannsyn, robustheit, resiliens og føre-var-prinsippet. Emnet tek òg opp etiske og samfunnsmessige sider ved risiko, og korleis risiko påverkar beslutningsprosessar.
Emneansvarleg er Roger Flage, professor ved Institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, UiS.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!