Universitetet i Stavanger
|
Nettbasert
AKS100 Akademisk lesing og skriving i teori og praksis
Søknadsfrist
1. September 2026
Oppstart
14. September 2026
Studiepoeng
5
Deltid
Skal du studere ved sida av jobb? Dette emnet gir deg verktøya til å faktisk kome i mål med tekstane – og med studiekvardagen.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Norsk
Neste oppstart: 14. september 2026
Søknadsfrist: 1. september 2026
Pris: Ingen kursavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr) + pensum
Arbeidsformer
Heildigitalt via læringsplattforma Canvas. Du følgjer læringsstiar med pensum, digitale forelesingar, podkastar og quizar. Det er eit ope diskusjonsforum i Canvas der faglærarane deltek. Deltaking i forum og spørjetimar er frivillig.
Arbeidskrav
Ein refleksjonslogg på 350 ord (+/- 10 %), med bilete av ein studiesituasjon eller ein tidsplan. Leverast i Canvas, varigheit to veker. Du må ha bestått nokre av quizane før du leverer. Alle quizar og arbeidskravet må vere godkjende før eksamen.
Eksamen
- Skriftleg heimeoppgåve på 1500 ord (+/- 10 %), 72 timar
- Alle hjelpemiddel
- Bestått / ikkje bestått
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Å lese og skrive akademiske tekstar er ein ferdigheit du kan lære. I dette emnet får du grunnleggjande teori om læring og skriving som du kan bruke direkte i din eigen studiekvardag.
Du jobbar med:
- Skriveprosessen
- Struktur og språk i akademiske tekstar
- Kjeldebruk, argumentasjon og drøfting
- Studiestrategiar og tidsplanlegging
- Lesing av akademiske tekstar
- Bruk av kunstig intelligens i lærings- og skriveprosessen
Emneansvarleg er Hannah Tischmann, faglærar er Ragnhild Lunde.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!