Korleis kan KI bli ein kreativ medspelar, og ikkje berre ein snarveg? Eit emne for deg som jobbar med kreative og estetiske fag.
Fakta
Studiepoeng: 7,5
Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå
Undervisningsform: Nettbasert, på kveldstid
Neste oppstart: 20. januar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Emnet består av seks digitale workshopar à to timar, kl. 19–21:
- 20. januar
- 3. og 17. februar
- 17. og 31. mars
- 14. april
Du må delta på minst 80 prosent av samlingane. Mellom samlingane jobbar du med praktiske eksperiment, refleksjonsoppgåver og deloppgåver, og du diskuterer med medstudentar frå andre fagfelt.
Eksamen
Vert oppdatert i emneplanen KUN812
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Om emnet
Du utforskar korleis KI kan brukast i skapande prosessar, både i teori og praksis. Du lærer å lage og teste promptar for ulike uttrykksformer, og du ser kritisk på verktøya.
Emnet tek også opp dei estetiske, etiske og samfunnsmessige spørsmåla KI reiser: Kva gjer verktøya med kreativiteten, og kva bør du tenkje på når du tek dei i bruk?
Passar for deg som er lærar i kreative fag, kunstnar, designar eller formidlar.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!