Korleis kan elevane lære meir når dei er i rørsle? For deg som underviser i skulen og vil ha meir aktivitet inn i timane.
Fakta
Studiepoeng: 15
Nivå: Vidareutdanning på masternivå
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: 12. januar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Studiet er heildigitalt, med fire obligatoriske nettsamlingar på 90 minutt:
- Tysdag 12. januar, kl. 14.30–16.00
- Tysdag 16. februar, kl. 14.30–16.00
- Tysdag 9. mars, kl. 15.00–16.00 (om eksamen)
- Tysdag 6. april, kl. 14.30–16.00
Mellom samlingane planlegg og gjennomfører du undervisning på eigen skule. Du jobbar med refleksjon, eigenvurdering og kollegarettleiing, og i studentgrupper på nett. HVL tilrår at du tek e-læringskurset på FALtastisk.no før oppstart.
Eksamen
- Innlevering av eksamensoppgåve fredag 4. juni 2027 kl. 14.00
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehagelærar/førskulelærar eller PPU), barnevernspedagog, eller anna relevant treårig høgskuleutdanning som har gitt deg jobb i skulen.
Om emnet
Du lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning der fysisk aktivitet er ein del av læringa. Fokuset er på elevane si helse og livsmeistring, og på korleis du kan finne behov i din eigen praksis og prøve ut nye måtar å undervise på.
Emnet er første del av eit studium på 15 + 15 studiepoeng.
Tips: HVL tilrår at fleire frå same skule tek studiet saman. Då blir det lettare å endre praksis på skulen, ikkje berre i eitt klasserom.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!