Vil du at elevane skal designe på skjermen og halde resultatet i handa? For deg som underviser i kunst og handverk eller design.
Fakta
Studiepoeng: 7,5
Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: 20. januar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Frå våren 2027 er emnet heildigitalt, utan fysiske samlingar. Du ser undervisninga når det passar deg. I tillegg er det åtte frivillige digitale samlingar onsdagar kl. 14.15–15.15:
- 20. januar
- 3. og 17. februar
- 3., 17. og 31. mars
- 14. og 28. april
Du jobbar med praktiske oppgåver og får rettleiing undervegs. Du treng ein PC med Windows 10 eller nyare, eller Mac med macOS 13 eller nyare, og minst 8 GB RAM.
Eksamen
- Oppgåvene du leverer undervegs, går inn i ei eksamensmappe
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Ingen forkunnskapar.
Om emnet
Du lærer digitale verktøy for 3D-modellering, 3D-printing og laserkutting, og korleis du kan bruke dei i undervisninga. Emnet koplar tradisjonelt handverk med nye 3D-metodar, og tek opp fagdidaktiske spørsmål om CAD/CAM i grunnskulen.
Passar for pedagogar i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!