For deg som underviser i kulturskulen og vil bruke digitale verktøy med god dømmekraft.
Fakta
Studiepoeng: 7,5
Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: 8. januar 2027
Søknadsfrist:
1.desember for emne KUL801
15.april for emne KUL802
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Studiet er heildigitalt. Noko av undervisninga ser du når det passar deg, og i tillegg er det obligatoriske digitale samlingar kl. 9–12:
- KUL802: Høsten 2026
- 27. august kl. 09-12
- 4. og 25. september kl. 09-12
- 16. oktober kl. 09-12
- 6. og 20. november kl. 09-12
- KUL801: Våren 2027
- 8. og 15. januar kl. 09-12
- 12. feburar kl. 09-12
- 5. og 19. mars kl. 09-12
- 2. og 16. april kl. 09-12
Du jobbar med rettleiing, diskusjonar, praksisoppgåver, presentasjonar og vurdering av kvarandre sitt arbeid.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. Det er tilrådd at du jobbar i kulturskulen eller har annan erfaring frå kunst- og kultursektoren.
Om emnet
Du lærer å leie digitalt støtta læring i kulturskulen: grunnleggjande digitale ferdigheiter, etikk og digital dømmekraft. Emnet byggjer på Utdanningsdirektoratet sitt rammeverk for lærarar si profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Emnet er første del av eit studium på 7,5 + 7,5 studiepoeng.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!