Høgskulen på Vestlandet

|

Nettbasert

Verktøy og metoder i systematisk folkehelsearbeid

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

7. January 2027

Studiepoeng

15

Deltid

For deg som jobbar med folkehelse i kommunen – og vil ha betre verktøy til å gjere det systematisk.

Fakta

Studiepoeng: 15

Nivå: Vidareutdanning på masternivå

Undervisningsform: Nettbasert

Neste oppstart: 7. januar 2027 (informasjonsmøte)

Søknadsfrist: 1. desember 2026

Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift

Arbeidsformer

Studiet er heildigitalt. Det startar med eit kort informasjonsmøte 7. januar kl. 9.00, og deretter er det seks digitale samlingar på to timar: 28. januar, 18. februar, 11. mars, 1. april, 22. april og 13. mai.

Samlingane er ikkje obligatoriske, men arbeidsoppdraga mellom samlingane er det. Du er med i ei læringsgruppe med eigen fagrettleiar, og arbeidet knyter du til din eigen arbeidsplass.

Eksamen

  • Individuell skriftleg oppgåve om ei problemstilling frå praksisfeltet
  • Bestått / ikkje bestått
  • Arbeidskrav: fleire små øvingsoppgåver mellom samlingane, som må vere godkjende før eksamen

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad eller tilsvarande (180 studiepoeng).

Om emnet

Emnet handlar om korleis du brukar og vurderer metodar, verktøy, teoriar og modellar i systematisk og tverrsektorielt folkehelsearbeid.

Passar for folkehelsekoordinatorar, folkehelserådgjevarar, samfunnsplanleggarar, tilsette i oppvekst, helse og samferdsel, frivillige organisasjonar – og for politikarar som jobbar med folkehelse.

Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.

Les meir om studiet her

Søk her – studiekode: 8529.

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!