For deg som møter barn eller vaksne i krise, sorg eller etter traume – og vil vite betre kva du skal seie og gjere.
Fakta
Studiepoeng: 7,5
Nivå: Vidareutdanning på masternivå
Undervisningsform: Ei samling i Bergen og digital undervisning
Neste oppstart: 9. februar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: 8 500 kr i studieavgift, i tillegg til semesteravgift
Arbeidsformer
- 9.–10. februar 2027, kl. 9–15: fysisk samling på campus i Bergen
- 11. februar 2027: fleksibelt webinar i Canvas
- 22. april 2027, kl. 16–20: digital samling
Undervisninga er studentaktiv, med gruppearbeid og rollespel, i tillegg til førelesingar, demonstrasjonar og video. Ekstern klinisk rettleiing er ein sentral del av læringa.
Opptakskrav
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, psykologiske eller pedagogiske fag, og minst to års relevant yrkespraksis etter bachelorgraden. Andre relevante utdanningar kan bli vurderte, og du kan søkje på realkompetanse.
Om emnet
Du lærer å kjenne att krise-, sorg- og traumereaksjonar hos barn og vaksne, og korleis du kan planleggje og gjennomføre støttetiltak. Du trenar på samtaleferdigheiter i arbeid med einskildpersonar, familiar, nettverk og organisasjonar, og får tilbakemelding på eige arbeid.
Passar for fagfolk og leiarar i helse- og velferdstenestene, politiet, sosialfaglege verksemder, trussamfunn og pedagogiske verksemder.
Søk her – søknadskode: 2765.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!