Universitetet i Bergen

|

Nettbasert

SPLA627 Spansk grammatikk I

Søknadsfrist

15. January 2027

Oppstart

18. January 2027

Studiepoeng

10

Deltid

Kan du litt spansk og vil forstå korleis språket faktisk heng saman? Her får du grammatikken på plass – på kveldstid.

Fakta

Studiepoeng: 10

Nivå: Bachelor

Undervisningsform: Nettbasert, på kveldstid

Undervisningsspråk: Spansk

Neste oppstart: 18. januar 2027

Søknadsfrist: Løpande opptak så lenge det er ledige plassar

Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (650 kr)

Arbeidsformer

Digital undervisning måndag og torsdag kl. 17.00–18.30, i om lag tolv veker. Første undervisningsdag er måndag 18. januar, siste er torsdag 22. april. All undervisning går på spansk.

Du må levere to obligatoriske oppgåver på spansk, og begge må vere godkjende før du kan ta eksamen.

Eksamen

  • Skriftleg skuleeksamen i Bergen, fem timar, på spansk
  • Karakter A–F

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Er du 25 år eller eldre, kan du òg bli teken opp på realkompetanse.

Det er ingen formelle krav til spanskkunnskapar, men sidan all undervisning går på spansk, bør du ha eit visst nivå. [SJEKK: UiB tilrår anten A2 eller B1.]

Om emnet

Emnet gir ei grundig innføring i moderne spansk grammatikk, med vekt på spanskamerikanske variantar av språket. Du lærer å bruke grammatikken på praktiske og teoretiske problem, og du får ei djupare forståing av spansk samanlikna med norsk.

Tek du SPLA627, SPLA628 og SPLA629 same semester, har du 30 studiepoeng i spansk. Ifølgje UiB er det minstekravet for å undervise i spansk på ungdomstrinnet (i tillegg til pedagogisk utdanning). Du betaler berre éi semesteravgift, same kor mange emne du tek.

Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.

Les meir om emnet her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!