Universitetet i Bergen
|
Nettbasert
Ukraina – tre mikroemne på nett
Søknadsfrist
25. January 2027
Oppstart
1. February 2027
Studiepoeng
2,5
Deltid
Kva veit du eigentleg om Ukraina? Tre korte mikroemne om historie, språk og byar – på nett, når det passar deg.
Fakta
Studiepoeng: 2,5 per emne
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert, utan faste tidspunkt
Neste oppstart: 1. februar 2027
Søknadsfrist: Løpande påmelding så lenge det er ledige plassar (150 plassar per emne)
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift (650 kr)
Arbeidsformer
Alle emna er heilt nettbaserte i Mitt UiB, utan undervisning på faste tidspunkt.
Eksamen
- Quizar i kvar modul, og deltaking i diskusjonsforum
Opptakskrav
Ingen krav til forkunnskapar. Du treng generell studiekompetanse, eller realkompetanse om du er 25 år eller eldre.
Om emna
UKR641 Halvøya Krym: historie, samtid og kultur
1. februar–11. april 2027. Om krymtatarane si historie, Krym etter 1991, og forholdet mellom krymtatarar og ukrainarar etter okkupasjonen i 2014. Emnet inneheld også utvalde litterære tekstar.
UKR642 Språk i Ukraina: politikk, identitet og kultur
1. mars–9. mai 2027. Om utviklinga av det ukrainske språket, språkpolitikken etter 1991 og rolla til statsspråk, minoritetsspråk og urfolksspråk.
UKR643 Urban mosaikk: identitet, mangfald og endring i Ukrainas byar
1. april–13. juni 2027. Kyiv, Lviv, Odesa, Kharkiv, Dnipro og Donetsk som døme på migrasjon, imperium og identitet – og korleis krig og okkupasjon etter 2014 har endra byane.
Studiet er nettbasert, så du kan ta det heimanfrå. Vil du heller sitje saman med andre studentar, har vi studentstover i Voss, Øystese, Eidfjord, Ulvik, Odda og Husnes.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!