I dette heildigitale, nettbaserte mikroemnemnet får du lære korleis observasjon kan bli eitt av dei viktigaste verktøya dine i barnehagen. Du får utforske ulike metodar, trene på å sjå med eit profesjonelt blikk og reflektere over eigen praksis i lys av forsking og styringsdokument.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: Februar 2027
Varigheit: Februar – april 2027
Søknadsfrist: 01. februar 2027
Pris: Semsteravgift
Barnehagane er pålagde ulike krav til dokumentasjon av barn og personale. I den samanhengen er observasjon eit viktig verktøy. Personalet må kunne skilje mellom ulike dimensjonar som observasjon kan variere i, og ulike former for observasjon. Observasjon er ein føresetnad for pedagogisk arbeid og dermed ein nøkkelkompetanse i utdanninga og profesjonen til barnehagelærarar (Birkeland, 2022). Observasjon dannar grunnlaget for refleksjon over seg sjølv, væremåtane til barna og omsorgs-, leike- og læringsbehova deira.
Dette heildigitale emnet gir deg innsikt i korleis observasjon kan brukast som eit aktivt og reflektert verktøy i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Du lærer om ulike observasjonsmetodar og korleis dei kan bidra til betre planlegging, dokumentasjon og utvikling av praksis. Gjennom praktiske øvingar og fagleg refleksjon får du styrkt den profesjonsfaglege kompetansen din og forståinga di av kva rolle observasjon har i arbeidet med barn – alltid med utgangspunkt i forsking, styringsdokument og eit verdigrunnlag til barns beste.
Alle førelesingar og læringsressursar er tilgjengelege i læringsplattforma Canvas. Studentane kan sjølve velje når dei vil sjå førelesingane og arbeide med læringsressursane, noko som gir stor fleksibilitet i gjennomføringa av studiet.
Munnleg eksamen blir gjennomført digitalt.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!