Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

Arbeidsmiljø og grunnleggjande HMS-leiing

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

8. February 2027

Studiepoeng

5

Deltid

Emnet gir ei heilskapleg innføring i arbeidsmiljø og grunnleggjande HMS-leiing som ein integrert del av god organisasjonsleiing. Studentane utviklar kunnskap om korleis helse, miljø og tryggleik kan takast vare på gjennom systematisk HMS-arbeid, risikostyring, førebygging, organisatorisk læring og utvikling av eit forsvarleg arbeidsmiljø.

Få grunnleggjande kunnskap om systematisk HMS-leiing, og lær å styrkje både det psykososiale og det fysiske arbeidsmiljøet.

Fakta

Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Neste oppstart: Våren 2027
Søknadsfrist: 01.12.2026
Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.

Kursinnhald

Emnet kombinerer teori, forsking, praktiske verktøy og relevante case frå pensum. Det blir lagt særleg vekt på korleis verksemder kan førebyggje arbeidsmiljøproblem, redusere risiko og utvikle system og kulturar som fremjar helse, tryggleik, læring og kontinuerleg forbetring.

Emnet er særleg aktuelt etter at krava til det psykososiale arbeidsmiljøet i arbeidsmiljølova vart tydelegare frå 1. januar 2026.

Emnet omfattar seks tematiske delar og tolv modular:

Del 1: Grunnlaget for HMS-leiing

  • Introduksjon til HMS-leiing

Del 2: Systematisk HMS-arbeid: rammer, regelverk og organisering

  • Frå lov til praksis: Arbeidsmiljømodellen som vegvisar
  • HMS-sirkelen: Grunnsteinen i systematisk HMS-arbeid
  • HMS-system og prosedyrar: Korleis byggje grunnlaget for trygg drift?

Del 3: Risikostyring og læring frå hendingar

  • Risikovurdering
  • Menneskelege feil, organisatoriske årsaker og læring

Del 4: HMS-kultur, tryggleikstenking og organisatorisk åtferd

  • Organisatoriske tryggleiksteoriar og HMS-kultur

Del 5: Arbeidsmiljø og helse: psykososiale, fysiske og organisatoriske forhold

  • Psykososialt arbeidsmiljø
  • Fysiske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar
  • Stress og meistring

Del 6: HMS-leiing i praksis

  • Frå samtale til system i HMS-leiing
  • Destruktiv leiing som systemsvikt

Læringsutbyte

Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap om sentrale omgrep, prinsipp og modellar innan grunnleggjande HMS-leiing
  • ha kunnskap om relevante rammer og krav for systematisk HMS-arbeid
  • ha kunnskap om risikovurdering, organisatorisk læring og utvikling av HMS-kultur
  • ha kunnskap om psykososiale, organisatoriske, fysiske, kjemiske og biologiske arbeidsmiljøfaktorar
  • ha kunnskap om stress og meistring, og om kva leiing og organisatoriske system har å seie for arbeidsmiljø og helse

Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere og analysere sentrale HMS- og arbeidsmiljøutfordringar
  • bruke grunnleggjande metodar og verktøy i systematisk HMS-arbeid
  • gjennomføre enkle risikovurderingar og føreslå relevante førebyggjande tiltak
  • analysere samanhengar mellom leiing, organisering, HMS-kultur og arbeidsmiljø
  • føreslå og grunngje tiltak som kan styrkje arbeidsmiljø- og HMS-arbeidet i verksemda

Arbeidsform

Emnet blir gjennomført som ein kombinasjon av videoførelesingar, digitale læringsaktivitetar, sjølvstudium, refleksjonsoppgåver og arbeid med utvalde case frå pensum. Emnet er organisert i modular som blir gjennomførte i fastsett rekkjefølgje.

Les meir her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!