Cybersikkerheit er eit breitt felt som omfattar mange ulike truslar, forsvarsmekanismar og responsmetodar. Dette kurset gir deg grunnleggjande kunnskap om korleis du handterer desse elementa.
Cybersikkerheit har blitt eit kritisk område og eit viktig behov for verksemder.
Fakta
Studiepoeng: 5
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Språk: Engelsk
Neste oppstart: Januar 2027
Søknadsfrist: 01.12.2026
Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.
Kursinnhald
Uansett kor stor organisasjonen du jobbar i er, kor mykje du kan om cybersikkerheit, eller kvar du er i karrieren, vil du ha nytte av å vite korleis du kan verne verksemda di mot dei mange cybertruslane ho står overfor. Samtidig er angrep, hackarverktøy og forsvarsteknikkar i stadig utvikling. Nøkkelen er å forstå truslane, kva formål dei har, og korleis ein best kan møte dei.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!