Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

Kommunikasjon i endring

Søknadsfrist

1. December 2026

Oppstart

15. January 2027

Studiepoeng

10

Deltid

Eit fleksibelt, nettbasert vidareutdanningstilbod for deg som har ansvar for, eller ønskjer å jobbe med, kommunikasjon – som leiar, innan organisasjonsutvikling eller i dagleg drift. Studiet gir forskingsbasert kunnskap og praktiske perspektiv som kan takast i direkte bruk.

Fakta

Studiepoeng: 3 emne à 10 studiepoeng (emna kan takast kvar for seg eller kombinerast til 30 studiepoeng)
Nivå: Bachelor
Undervisningsform: Nettbasert
Undervisningsspråk: Norsk

Begge kursa for våren 2027 er no fullteikna, men du kan melde deg på venteliste.
Påmelding til venteliste: Innføring i PR og kommunikasjon
Påmelding til venteliste: Strategisk kommunikasjon
Påmelding: Praktisk kommunikasjonsarbeid (ikkje opna per 10.11.26)

Neste oppstart
Innføring i PR og kommunikasjon: 15. januar 2027
Strategisk kommunikasjon: 1. april 2027
Praktisk kommunikasjonsarbeid: Hausten 2027

Søknadsfrist
Innføring i PR og kommunikasjon: 1. desember 2026
Strategisk kommunikasjon: 1. desember 2026
Praktisk kommunikasjonsarbeid: 1. juni

Pris: Inga kursavgift ved bestått eksamen (berre semesteravgift og pensum). Det kjem eit administrasjonsgebyr på 3000 kroner dersom ein trekkjer seg etter trekkfristen eller ikkje gjennomfører eller består eksamen.

Emna i Kommunikasjon i endring

Kommunikasjon i endring består av tre sjølvstendige emne à 10 studiepoeng. Emna tek for seg sentrale utfordringar innan strategisk, organisatorisk og samfunnsretta kommunikasjon i ei tid prega av raske endringar.

Kvart emne er frittståande og kan takast uavhengig av dei andre.
Emna kan kombinerast til totalt 30 studiepoeng.
Passar for deg som vil byggje kompetanse steg for steg.

Kvifor velje dette studiet?

Ønskjer du fagleg påfyll som er relevant for arbeidslivet – utan å setje kvardagen på pause? Kommunikasjon i endring gir deg oppdatert kunnskap og dei praktiske ferdigheitene du treng for å lykkast med kommunikasjon i ei tid der krav, kanalar og forventningar er i kontinuerleg utvikling.

Dette lærer du

Gjennom studiet Kommunikasjon i endring utviklar du praktisk og forskingsbasert kompetanse som kan takast i bruk direkte i din eigen arbeidskvardag. Du får innsikt i korleis kommunikasjon påverkar organisasjonar, menneske og samfunn – særleg i periodar prega av endring og omstilling.

Studiet kombinerer teoretiske perspektiv og praktiske døme, og legg til rette for refleksjon kring eigne erfaringar frå arbeidslivet.

Fleksibelt studieopplegg – tilrettelagt for deg som kombinerer jobb og studium.Solid fagleg fundament – byggjer på forskingsbasert kunnskap frå Universitetet i Stavanger.
Tett kopling til arbeidslivet – innsikt frå relevante fagmiljø og praksisfelt gir direkte overføringsverdi.
Praktiske verktøy og metodar – lær det som faktisk fungerer i dagens kommunikasjonslandskap.

Kven passar studiet for?

Studiet passar for deg som jobbar med kommunikasjon, HR, leiing, marknad, administrasjon – eller i andre roller der tydeleg, strategisk og tillitsskapande kommunikasjon er viktig. Det er like aktuelt anten du jobbar i privat eller offentleg sektor.

Kommunikasjon i endring er utvikla for deg som ønskjer å styrkje kompetansen din i kommunikasjon i møte med raske endringar, digital utvikling og nye krav til organisasjonar og medarbeidarar. Studiet passar særleg godt for deg som
ønskjer oppdatert kunnskap du kan ta i bruk direkte i din eigen jobb
står i eller jobbar med endringsprosessar
vil forstå korleis kommunikasjon påverkar organisasjonar, menneske og samfunn

Les meir her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!