Fagskolen Diakonova

|

Nettbasert med samlingar

Grunnleggjande miljøarbeid ved utviklingshemming

Søknadsfrist

25. January 2027

Oppstart

1. February 2027

Studiepoeng

5

Deltid

Studiepoeng: Modulbasert – 5 studiepoeng per modul
Studiestart: Sjå oppstartsdato under kvar modul
Utdanningsform: Nettbasert. Nokre modular har i tillegg fysisk samling
Pris: Gratis

Bransjeprogrammet er eit tilbod for tilsette i primær- og spesialisthelsetenesta som arbeider, eller ønskjer å arbeide, med menneske med utviklingshemming.

Ny fagskuleutdanning med oppstart i januar 2027

Denne utdanninga er utvikla i samarbeid med arbeidslivet gjennom bransjeprogrammet 2026 og har planlagd oppstart i veke 2, 2027.

Den endelege studieplanen blir publisert før studiestart. Det kan derfor kome mindre justeringar i innhald og organisering.

Les meir om bransjeprogram

Søk på utdanninga

Fagskulen Diakonova oppdaterer sida si med dato når det blir mogleg å søkje. Vil du få beskjed når søknaden opnar?

Meld interesse

Gjennomføring

Bransjeprogrammet Grunnleggjande miljøarbeid ved utviklingshemming består av tre enkeltmodular på 5 studiepoeng kvar. Modulane kan takast kvar for seg. Dei inngår i fagskuleutdanninga Spesialisering i miljøarbeid ved utviklingshemming på 60 studiepoeng. Dersom du gjennomfører eitt eller fleire av emna i bransjeprogrammet, kan dei godskrivast for tilsvarande emne dersom du seinare vel å ta heile fagskuleutdanninga.

Tilbod i 2027

Grunnleggjande forståing for personar med utviklingshemming
5 studiepoeng (oppstart veke 5, 2027)

Kommunikasjon, makt og avmakt
5 studiepoeng (oppstart veke 9, 2027)

Personalåtferd og åtferd som utfordrar
5 studiepoeng (oppstart veke 17, 2027)

Dette lærer du

Du får kunnskap om utviklingshemming og om korleis du kan leggje til rette for trygge og fagleg forsvarlege tenester. Du utviklar ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging, og du lærer å handtere utfordrande åtferd på ein fagleg og etisk måte. Bransjeprogrammet gir deg kompetanse i rettstryggleik og regelverk knytt til førebygging og bruk av tvang og makt, med vekt på å sikre individuelle rettar, medverknad og minst mogleg bruk av inngripande tiltak.

Tilbodet er utvikla i samarbeid med arbeidslivet og er gratis.

Kvifor velje Grunnleggjande miljøarbeid ved utviklingshemming?

Bransjeprogrammet hjelper deg å utvikle trygg og etisk kompetanse i arbeidet med menneske med utviklingshemming, styrkje kommunikasjonsferdigheitene dine og bli betre til å førebyggje utfordrande situasjonar og bruk av tvang og makt. Bransjeprogrammet gir spisskompetanse innan arbeid med menneske med utviklingshemming, og det kan kvalifisere deg for meir fagleg ansvar på eigen arbeidsplass og for ei rolle som ressursperson innan fagfeltet.

Les meir

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!