Kompetansebehov i Hardanger, Voss og Kvinnherad
Kva kompetanse treng verksemdene våre? Kva treng du?
Kompetansekartlegging: Stort behov i regionen vår!
I 2024 tok HVK Studiesenter initiativ til ei stor lokal undersøking via Opinion, som kartla kompetansebehovet blant over 400 verksemder i Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ulvik, Ullensvang og Voss.
Dei tre viktigaste funna:
1. Kvalifisert arbeidskraft
Over halvparten av verksemdene i regionen slit med tilgang på kvalifisert arbeidskraft.
2. Kompetanseheving
Ein tredel har behov for kompetanseheving for alle sine tilsette.
3. Digital kompetanse
Digitale verktøy og tenester skil seg ut som ettertrakta kompetanse på tvers av bransjar.
Les heile rapporten her: Kompetansekartlegging Hardanger, Voss og Kvinnherad 2024
Skreddarsydde utdanningstilbod
Vi kartlegg kva kompetanse regionen treng – og samarbeider med utdanningstilbydarar for å gjere noko med det. Er du arbeidsgivar og vil vere med å skreddarsy tilboda? Ta kontakt med oss!
Innspel?
Har du behov for kompetanseløft i form av utdanning i di bedrift, eller ønske om utdanning som vil kunne kvalifisere fleire til å jobbe for deg i framtida? Eller har du andre spørsmål/innspel? Da høyrer vi gjerne frå deg.