Universitetet i Stavanger

|

Nettbasert

AKS100 Akademisk lesing og skriving i teori og praksis

Søknadsfrist

1. September 2026

Oppstart

14. September 2026

Studiepoeng

5

Deltid

Skal du studere ved sida av jobb? Dette emnet gir deg verktøya til å faktisk kome i mål med tekstane – og med studiekvardagen.

Fakta

Studiepoeng: 5

Nivå: Bachelor

Undervisningsform: Nettbasert

Undervisningsspråk: Norsk

Neste oppstart: 14. september 2026

Søknadsfrist: 1. september 2026

Pris: Ingen kursavgift, berre semesteravgift (ca. 900 kr) + pensum

Arbeidsformer

Heildigitalt via læringsplattforma Canvas. Du følgjer læringsstiar med pensum, digitale forelesingar, podkastar og quizar. Det er eit ope diskusjonsforum i Canvas der faglærarane deltek. Deltaking i forum og spørjetimar er frivillig.

Arbeidskrav

Ein refleksjonslogg på 350 ord (+/- 10 %), med bilete av ein studiesituasjon eller ein tidsplan. Leverast i Canvas, varigheit to veker. Du må ha bestått nokre av quizane før du leverer. Alle quizar og arbeidskravet må vere godkjende før eksamen.

Eksamen

  • Skriftleg heimeoppgåve på 1500 ord (+/- 10 %), 72 timar
  • Alle hjelpemiddel
  • Bestått / ikkje bestått

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Ingen forkunnskapar.

Om emnet

Å lese og skrive akademiske tekstar er ein ferdigheit du kan lære. I dette emnet får du grunnleggjande teori om læring og skriving som du kan bruke direkte i din eigen studiekvardag.

Du jobbar med:

  • Skriveprosessen
  • Struktur og språk i akademiske tekstar
  • Kjeldebruk, argumentasjon og drøfting
  • Studiestrategiar og tidsplanlegging
  • Lesing av akademiske tekstar
  • Bruk av kunstig intelligens i lærings- og skriveprosessen

Emneansvarleg er Hannah Tischmann, faglærar er Ragnhild Lunde.

Les meir om emnet her

Spørsmål?

Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!