UTDANNING

Data og demokrati

Tilbyder

Universitetet i Bergen

Søknadsfrist

10. jun, 2025

Oppstart

07.10.2025

Omfang

Deltid

Undervisning

Nettbasert

Studiepoeng

2,5

Bidreg sosiale medium til aukande polarisering – og kvifor er det eit problem? Kva utfordringar følgjer med falske nyheiter på nettet, og kva kan gjerast med dei? Kvifor er det problematisk at store teknologiselskap samlar inn store mengder data om oss? Og kva rolle bør prediktive analysar spele i avgjerder som gjeld enkeltmenneske?

Om emnet

Digitale teknologiar påverkar i aukande grad alle delar av samfunnet – frå institusjonar og politikk til kvardagsliv og arbeidsliv. Dette skaper nye moglegheiter, men også utfordringar knytt til demokratiske verdiar og etiske spørsmål.

I dette emnet ser vi nærare på forholdet mellom digitale teknologiar og demokratiske verdiar. Vi går mellom anna inn på:

  • Kva vi meiner med demokratiske verdiar
  • Polarisering og anbefalingssystem i sosiale medium
  • Falske nyheiter og faktasjekking
  • Verifisering av informasjon i praksis
  • Algoritmar og rettferd i automatiserte avgjerder
  • Personvern og kontroll over eigne data

Les heile emnebeskrivelsen her. 

Praktisk informasjon og gjennomføring

  • Studiestart: Tysdag 7. oktober 2025, med digitalt oppstartsmøte kl. 18.00–19.00
  • Organisering: Emnet er 100% nettbasert og går over ein periode på 8 veker fordelt på seks modular.
  • Innhald: All undervisning og oppgåveløysing føregår på UiBs digitale læringsplattform Mitt UiB, som du får tilgang til når du er tatt opp som student.Tekst, digitale førelesingar, podkastar og oppgåver (inkl. quiz og ei praktisk oppgåve i faktasjekking).
  • Vurdering: Ingen eksamen. Du får 2,5 studiepoeng ved å bestå moduloppgåvene.
  • Oppstartsmøtet er ikkje obligatorisk, og blir tilgjengeleg som opptak for dei som ikkje kan delta.
  • Pris: Ein betalar kun semesteravgift på kr. 650,-

Påmelding: Som partnar av UiB tilbyr HVK Studiesenter førehandspåmelding til vårt nettverk frå og med 15. mai. Her er det begrensa plassar. Påmelding for ålmenta opnar 2. juni.

Interessert?

Registrer deg for å motta meir uforpliktande informasjon. 

Ja, eg vil motta meir informasjon.

2 + 3 =