Universitetet i Bergen
|
Nettbasert
Digital kompetanse for arbeidslivet
Søknadsfrist
17. January 2027
Oppstart
18. January 2027
Studiepoeng
2,5
Deltid
Digital kompetanse for arbeidslivet er ei samling korte nettbaserte emne frå fleire fagmiljø ved Universitetet i Bergen. Emna gir ei grunnleggjande innføring i digitalisering og digital teknologi, og dei er laga for å kunne takast på deltid ved sida av jobb. Tema er mellom anna data, kunstig intelligens, programmering, IKT-sikkerheit, GDPR og personvern og digitalt demokrati.
Fakta
Studiepoeng: 2,5 per emne
Undervisningsform: Nettbasert
Pris: Inga kursavgift. Du betaler semesteravgift på 650 kroner, éin gong per semester, sjølv om du tek fleire emne.
Opptak: Fortløpande så lenge det er ledige plassar
Emna i DIGI
Påmelding DIGI610 Fantastiske data
Påmelding DIGI616 Introduksjon til digital medisin
Påmelding DIGI617 Språkteknologi
Våren 2027 går Fantastiske data, Introduksjon til digital medisin og Språkteknologi. Introduksjon til digital medisin og IKT-sikkerheit blir undervist på engelsk.
Kven passar emna for?
Emna passar for alle som er i jobb og ønskjer å styrkje den digitale kompetansen sin. Du treng ingen forkunnskapar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Har du fylt 25 år og manglar generell studiekompetanse, kan du bli teken opp på grunnlag av realkompetanse. Du treng ikkje sende dokumentasjon på tidlegare utdanning. Du blir teken opp automatisk når du melder deg på, og er emnet fullt, kjem du på venteliste.
Gjennomføring
Kvart emne er delt inn i modular med lesestoff, videoar, oppgåver og quizar. Undervisninga går føre seg i læringsplattforma Mitt UiB. Det blir tilrådd å vere med på dei digitale oppstartsøktene, men dei blir òg tekne opp. Nokre emne har fleire digitale økter og frivillige fysiske samlingar på campus.
Eksamen
Vurderingsforma varierer frå emne til emne. I dei fleste emna består du ved å greie quizane i modulane. Andre emne har mappevurdering med obligatoriske innleveringar. Ingen av emna har avsluttande eksamen i tillegg.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!