For deg som underviser på yrkesfag og vil bruke digitale verktøy som faktisk gjer opplæringa betre.
Fakta
Studiepoeng: 15
Nivå: Vidareutdanning på bachelornivå
Undervisningsform: Nettbasert, med to hospiteringsdagar i arbeidslivet
Neste oppstart: 19. januar 2027
Søknadsfrist: 1. desember 2026
Pris: Ingen studieavgift, berre semesteravgift
Arbeidsformer
Studiet har tre digitale samlingar, kl. 9.15–15.00:
- 19.–20. januar 2027
- 10.–11. mars 2027
- 21. april
I tillegg kjem to hospiteringsdagar i arbeidslivet. Mellom samlingane prøver du ut digitale hjelpemiddel i eiga klasse og deler erfaringar med dei andre studentane.
Eksamen
19. eller 20. mai 2027, kl. 9.15–15.00
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning. Du må vere tilsett og ha undervisningspraksis i eit yrkesfagleg utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Er det fleire søkjarar enn plassar, prioriterer HVL dei som har finansiering frå skuleeigar.
Om emnet
Studiet passar for både programfaglærarar og fellesfaglærarar på yrkesfag. Du lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning med digitale ressursar, og du prøver ut digitale verktøy som er relevante for yrkesfaga.
Du jobbar òg med digitale strategiar, lovverk og etikk, og med tilpassa opplæring i tråd med LK20. Hospiteringa gir deg eit innblikk i korleis digitaliseringa ser ut i arbeidslivet elevane skal ut i.
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no, så svarar vi deg så fort vi kan!
Spørsmål?
Fyll ut skjema eller kontakt oss på post@hvkstudiesenter.no og me svarar deg så fort me kan!